fredag 28. februar 2014

Norsk visearkiv blir ein del av Nasjonalbiblioteket.

Frå 1.1. 2014 blir drifta av Norsk visearkiv ein del av Nasjonalbiblioteket, og foreininga Norsk visearkiv vert avvikla rundt årsskiftet.


I 1982 vart Norsk visearkiv formelt stifta for å ta vare på og fremje interessen for nyare folkelege og litterære viser. Denne oppgåva var på det tidspunktet ikkje godt nok ivareteke av statlege institusjonar. På desse åra har arkivet hjelpt utallige studentar, forskarar, utøvarar, bibliotekarar, pensjonistar og andre med å finne rett vise, beskrivelse av ei vise eller opphavsmenn og kvinner til dei ulike visene. Arkivet har også stått bak mange publikasjonar og artiklar med fagstoff på området.

Velle Espeland med stiftelsesdokumenta frå 1982

Som foreining med meir eller mindre usikker finansiering frå staten har det ikkje alltid vore lett. Midlane har vore begrensa og me har i periodar stoppa prosjekt og stengt arkivet for å få hjula til å gå rundt. Det er gledeleg at staten no tek fullt ansvar for sjangerområdet og drifta av arkivet. Etter ein omfattande prosess mellom arkivet, Kulturdepartement og Nasjonalbiblioteket vil drifta til visearkivet fra 1.1. 2014 høyre til Avdeling for forsking og formidling og inngå som ein del av ein nyetablert musikkseksjon ved Nasjonalbiblioteket
 

Oppgåver som i dag blir gjort av Norsk visearkiv vil vidareførast som del av Nasjonalbibliotekets satsingar og prioriteringar. Dette gjeld alle prosjekt og publikasjonar som dei tilsette ved arkivet arbeider med nå. Både visekatalogen.no og balladeprosjekta vil vidareførast i tråd med dei intensjonane og planane som ligg føre.  


Både Norsk visearkiv og Nasjonalbiblioteket ser på samlinga som ein styrking av det samla musikkfaglege miljøet. For Norsk visearkiv representerer det tilgang til ein større kompetansebase, mindre økonomisk sårbarheit og større moglegheit til langsiktig planlegging. For Nasjonalbiblioteket representerer det viktig sjangerkompetanse og ei utviding av oppgåvene med å ta vare på, og gi tilgang til ein samla kulturarv. 


Publikum kan kontakte Norsk visearkiv på same måten som i dag. Det gjeld både den fysiske tilgangen i Nasjonalbiblioteket og den nettbaserte tilgangen gjennom arkivets nettstad (visearkivet.no). 


Les også på Nasjonalbibliotekets nettsider:
http://www.nb.no/Hva-skjer/Aktuelt/Nyheter/Norsk-visearkiv-blir-ein-del-av-Nasjonalbiblioteket

Liv



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar