mandag 9. desember 2013

Grundi Vonde og hans møy.

Om ikkje så lenge balladediktinga har funnest, så i alle fall frå slutten av 1700-talet, har folk laga etterlikningar av balladen i form av såkalla «kunstballadar», dvs. viser i ballade- eller tilnærma balladeform, på alvor eller på fleip. Her skal vi sjå på ein kunstballade av Hans E. Kinck (1865–1926). Kinck var ingen kven som helst i balladesamanheng. Han skreiv ei omfattande avhandling om tilhøvet mellom eldre norrøn heltedikting og mellomalderballaden, og ikkje minst eit par framifrå noveller der balladen spelar ei viktig rolle.
  
Ei av desse heiter «Vaarnætter i Norge» (1901). Her møter vi bondestudenten Onun Kjile, som blir avvist av ei byfin professordotter fordi han er for bondsk. Vonbroten forlet han hovudstaden, med stipend for å samle gamle heidenske tradisjonar i dei aller mest bortgøymde fjellstrok, ein ikkje namngitt stad midt mellom Setesdal og Vest-Telemark. Men det står ikkje så bra til med dei gamle tradisjonane, og Onun bestemmer seg for å hjelpe litt til slik at dei ikkje skal døy heilt ut. På den øvste og mest isolerte fjellgarden han kan finne, slår han seg ned som arbeidskar ein sommar. Der diktar han ei kjempevise i gammal stil, som han påstår at han har høyrt av ein gammal gubbe i fjellheimen, og som han så syng for folket på garden. Visa handlar om den vonde Grundi som ein gong budde der, og som skal liggje gravlagd i ein haug like ved:


Hans E. Kinck

Grundi han sat i drykkje-stova,
slo so kalleg i bor:
Kjem’ der ein kjæft i denne gar’e,
sting’ eg han, fyrr han fær ord.
   Dei sit’ aa gamast mæ drykk’.

Steig der ein vesal hjurings-gut’e
upp paa padden, glup’,-
skreik so stort imot drykkjebassen,
knepte dei knokor i hop.
   Dei sit’ aa gamast mæ drykk’. 


Visa er på heile seksten strofer, og handlinga går som i kjempeviser flest: ei av slåstkjempene blir liggjande død att etter striden. Så skjer det vidare at professoren som er far til den jenta Onun ville hatt, kjem til gards, saman med ein vitskapleg assistent, på jakt etter gamle tradisjonar. For ikkje å bli avslørt må Onun halde seg unna, men frå loftet kan han høyre at visa hans nå blir tradert vidare som eit eldgammalt minne. Studenten sveittar og skriv. Visa er, konkluderer han, eit svært interessant funn «fra vor gamle viseskat», som kan daterast til «lidt senere end medio 16. aarhundrede». Studenten legg visa varleg i ranselen sin, for at den seinare kan lagrast forsvarleg «i det brandfri rum paa universitets-biblioteket». Og der ligg vel visa om «Grundi vonde og hans møy» ennå.



Olav