torsdag 10. oktober 2013

Birger Sjöberg og Fridas visor

Birger Sjöberg
Mange svenske visediktarar er mest like godt kjende i Norge som i Sverige. Kva dette kan koma av skal eg ikkje koma inn på her, men fenomenet går i alle fall tilbake til 1800-talet da det norske borgarskapet visste å verdsetje både Wennerbergs Gluntarne og Bellmans epistlar. Langt mindre kjend er nok Birger Sjöberg (1885–1929), jamvel om mange sikkert har vore borti to-tre av visene hans – kanskje særleg «Den första gång»:

Den första gång jag såg dig, det var en sommardag,
på förmiddan, då solen lyste klar,
och ängens alla blommor av många hundra slag,
de stodo bugande i par vid par.
Och vinden drog så saktelig, och nere invid stranden,
där smög en bölja kärleksfull till snäckan uti sanden.
Den första gång jag såg dig, det var en sommardag,
den första gång jag tog dig uti handen.

Sjöberg var frå Vänersborg, ein småby i sørenden av Vänern, og det er da også den svenske småbyen som dannar bakgrunnen for visene hans – ein by han som journalist visste mykje om. Visene er utgitt i Fridas bok (1922) og Fridas andra bok (1929), og blir gjerne samla kalla «Fridas visor». Frida er gjennomgangsfiguren i desse visene, ei heilt vanleg svensk småbyjente som står i butikk, og som er kjærast med ein ung gut som også står i butikk. Det er hans stemme vi høyrer i visene. Han har ambisjonar om å arbeide seg opp og fram i samfunnet, utan at vi heilt forstår korleis det skal gå til. Kunnskap skaffar han seg i alle fall, på ymse vis, bl.a. ved å lese leksikonartiklar, og det han der lærer seg, formidlar han vidare til Frida, som andaktsfull høyrer på. Ikkje så lite ironi altså, men av den venlege sorten. Ingen er i tvil om at forfattaren ynskjer det beste for dei to aktørane, og for den svenske småbyen som – ironisk, sjølvsagt – blir kalla «Lilla Paris» av rådmannen, jamvel om det knapt finst nokon likskap mellom den søvnige småbyen og verdsmetropolen:

Frida! «Ja.»
Frida! «Jaha!»
Se, staden flaggar! Dukar sväva, sommarns vindar dra.
Böljor blå,
de kryssa och slå
kring svarta skutor, guppande, med ved och bräder på.
Den staden, svept i rosig dis,
lik pärla i ett flor,
den tycke har utav Paris,
som Rådman sagt och tror!
Lilla Paris,
Lilla Paris,
du ligger trygg och tindrande i sommarns friska bris!

Etter at kjærasten har vore på «tisdagsföredrag i Föreläsningsinstitutet» held han sjølv i visa «Naturlig förklaring» eit lite foredrag for Frida: det verkelege er nesten alltid noko anna enn det vi ser på overflata, kan han fortelje – jamvel rodnaden på jentekinnet viser seg ved nærmare ettersyn å vera bloddropar i sirkulasjon:

Rodnad bak galler
av fläktande hattfloret, den
ibland förefaller
så hemlighetsfull, o, min vän!
Denne förmering
av skönhet på kindernas lott:
en snabb cirkulering,
pulsering
av blodkroppar blott.

Sjöberg komponerte sjølv melodiane til visene sine og framførte dei til eige gitar- eller luttakkompagnement. Han drog på turné og hadde stor suksess, ikkje minst fordi fleire viser er i stil med Bellmans musikk- og stemmeimiterande stykke, og fordi Sjöberg framførte desse med slik bravur. Men i «Längtan till Italien» spelar han på andre og enklare strenger, klisjéane kjem som perler på ei snor. Fridas kjærast har i butikken tilfeldig kome over «en burk med citronkarameller» med «ett färgblänkande sydländsk landskap» på. Dette assosierer til Italia:

Jag längtar till Italien, till Italiens sköna land,
där små citroner gula, de växa uppå strand,
där näktergalar drilla
allt uti dalen stilla,
och snäckorna så röda, de lysa uppå sand.
Jag längtar till Italien, där palmerna de stå
så doftande och höga med gröna blader på,
där gossen spelar luta
invid sin flickas ruta,
när aftonstunden kommer med många stjärnor små.

Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar