mandag 5. august 2013

Arkivaren Ivar Aasen



I dag ville språkforskaren og diktaren Ivar Aasen fylt 200 år dersom han hadde levd. Aasen er kjent for viser som «Nordmannen» («Millom bakkar og berg») og «Dei vil alltid klaga og kyta» (Også kjent som  «Nordmannssong») Ivar Aasen sjølv var nøye med å samle og arkivere både det han skreiv, publiserte og forskningsfunna han gjorde, til glede for arkivarar og forskarar i dag.

Norsk visearkiv arbeider med viser som har røter heilt tilbake til mellomalderen og har nytta mykje av arbeidet som Aasen og hans likemenn og –kvinner la ned spesielt på 1800-talet for å dokumentere og bevare denne delen av norsk kultur. I den forbindelse tenkte eg at eg, inspirert av Ivar Aasen, skulle komme med litt tankar omkring arbeidet med å forvalte denne arven her på arkivet.


Det finnes dei som klagar på at ting går sakte med publisering og bearbeiding av ulikt visemateriale. Men eigentleg tenkjer eg at dei ikkje treng å syte om dette fordi det å bevare, forske og formidle er eit arbeid som tek tid. Og resultata kjem til slutt.

Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

Men så er det vanlegvis ikkje slik at vitskapleg arbeid med kulturminner skapar dei største overskriftene (det er vel heller ingen som er forundra over i vår tabloide verden), men det kjem litt etter kvart i små mon til alles store glede. 

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.

For vi skal jo late språket og musikken utvikle seg, men samtidig har me eit ynskje om at dei gamle visene og ulike stilane frå tidlegare tider ikkje skal gløymast.

Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.

Så lat oss ikkje gløyme det forfedrene og -mødrene våre gav oss, sjølv om ein skapar ny historie og nye viser kjem til. Den musikalske arven som me forvaltar blant anna her på Norsk visearkiv er faktisk større enn mange ville tru!

Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru

Takk til Ivar Aasen for hans eige tilfang til den norske visehistoria, og ikkje minst for det grundige arbeidet med å bevare både kulturminner og språk for ettertida! Me på Norsk visearkiv skal gjere vårt beste med fortsatt å halde arven levande gjennom vitskapleg arbeid, publisering og service til våre brukarar! 

Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.



Gratulerer med dagen!                                             

Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar