onsdag 10. juli 2013

Rallare

For eit par veker sidan publiserte Elin ein artikkel om Sørlandsbanen som feirar 75 år i år. I denne bloggen skal me bevege oss nordover og delvis over til Sverige.

Inlandsbanan i dag, over 100 år gamal.
I juni i år var underteikna så heldig å få vere med på turnè med Inlandsbanefestivalen i Nord-Sverige som ein del av sjølve forestillingen. Me reiste frå Östersund og heilt opp til Gällivare og nedatt til Storuman i løpet av seks dagar. Reisa foregjekk med tog på Inlandsbanan i Sverige. Inlandsbanan,  som var det siste store projektet for Sveriges rallare,  vart påbyrja i 1907 og avslutta i 1937 og kosta 136 millonar totalt. Det er klart at 30 år med bygging av jernbane gav god næring til sjangeren rallarviser.  
Meir om rallarviser finn du her: http://visearkivaren.blogspot.no/search/label/Rallarviser.

Eit av kaffistoppa på turnèen var på Rallarmusèet i Moskosel, og der kom eg over ein CD med rallarviser som me ikkje hadde i arkivet frå før. «Rallare – Visor från Malmbanan/Ofotbanan» er eit samarbeid mellom Norge og Sverige representert ved Björn Arahb, Ragnar Olsen og Pierre Ström. På samlinga finn ein 20 songar om både hardt arbeidsliv, glede, sorg og kjærleik. I tekstheftet finn ein rikelig med bilete frå jernbanebygging kring 1900, alt frå arbeidslag og havarerte lokomotiv til kongeleg festivas då unionskongen Oscar II opna Malmbanan/Ofotbanan i 1903. 

Eit fint døme på at viser kan være god historisk dokumentasjon.

Liv


Staute karar i hardt arbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar