mandag 22. april 2013

Jørgen Moe 200 år

I dag er det 200 år sidan Jørgen Moe vart født. Han er best kjent for samarbeidet med Peder Chr. Asbjørnsen om eventyra, men han var også den første til å gje ut norske folkeviser. I 1840 kom Samling af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter.


Det har vore diskutert om det er Jørgen Moe eller forleggaren Malling som samla saman visetekstane, men forordet var i alle fall skrive av Jørgen Moe. Så leis vart han også den første som skreiv vitskapeleg om folkevisene.

På si første samlingsreise til Telemark i 1842 traff han Olea Crøger og ho gjorde han merksam på dei gamle kjempevisene. Deretter var han i Telemark nesten kvar sommar. Etter samlingsreisa i 1847, der han skreiv opp variantar av Draumkvedet etter Anne Lillegård og Tone Marteinsdotter, skreiv han ei avhandling om Draumkvedet. Han meinte at Draumkvedet var ”verken meer eller mindre den ældre Eddas Solar-Ljod, omformet til Romance”.

Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar