tirsdag 2. april 2013

Farvel, du Moder Norge


Slike bilder prydet skillingstrykkene med emigrantviser.

I hundre år, frå om lag 1820, utvandra meir enn 800 000 nordmenn til Amerika. Årsakene var mange, men først og fremst var det ikkje plass i Noreg til å ta unna folkeveksten, så folk fekk ikkje høve til å skape seg ei framtid slik dei ynskte. Når sjansen baud seg, hjelpte det lite med åtvaringar frå prestar og politikarar mot utvandring. I Amerikabreva stod det noko anna: i det nye landet fanst det mykje og god jord til alle, og rike moglegheiter til dei som ville arbeide. Så folk reiste.

Likevel kjendest det sårt og rart å skiljast med fedrelandet, med slekt og vener. For når ein først hadde gått om bord i Amerikabåten, visste folk at ein tok avskil for alltid. Om denne vonde kjensla handlar den kjende emigrantvisa «Farvel, du Moder Norge», også kalla «Emigranten», der det heiter i nokre av strofene:


Farvel, du Moder Norge, nu reiser jeg fra dig,
du mange Tak skal have fordi du fostred mig.
Du blev forknap i Kosten imod din Arbeidsstok,
men dine lærde Sønner du giver mer end nok.

I en af dine Dale min Vugge stod engang,
der vandred jeg som Barn og gjette Fæ og sang.
Der har jeg ryddet Stene, der har jeg sanket Bær,
ei nogen Plet paa Jorden kan blive mig saa kjær.
 
Saa kom da jeg med Flere til Hovedstaden frem,
jeg var saa tung om Hjertet da jeg var uden Hjem.
Jeg traf da Emigranter baade Store og Smaa,
som skulde bli mit Følge henover Bølgen blaa.

Kapteinen steg paa Bredtet, Maskinen kom i gang,
vi svingede med Hatten til dem som stod paa Land.
Farvel med Norges Strande, farvel med Norges Skjær,
jeg tænkte: maaske aldrig du kommer mere her.

Det er ikkje godt å vite kven som har skrive «Farvel, du Moder Norge», og heller ikkje om visa er norsk opphavleg – eller kanskje svensk eller finsk? Visa blir tillagd fleire forfattarar. Dei fire strofene ovanfor skriv seg frå ei viseform etter «Landhandler Ole G. Grønvold» (1818–1899) frå Holla i Telemark. Grønvold skreiv fleire viser og kan altså kallast bygdediktar. Nokre av dei sette han i avisene, og «Farvel, du Moder Norge» stod i Skiens-avisa Varden 6. april 1887. Men uansett om det var Grønvold eller andre som stod bak «Farvel, du Moder Norge» – visa vart ein suksess. Ved sida av Ditmar Meidells humoristiske vise om «Oleana», truleg den største når det gjeld emigrantviser.
 
Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar