mandag 25. februar 2013

Skafottviser

Kopi fra et dansk skillingstrykk

I dag er det 137 år sidan siste norske avretting i fredstid. Kristoffer Svartebækken var dømt til døden for tjuveri og rovmord og vart halshoggen i Løten 25. februar 1876. Avrettinga skjedde tidleg på morgonen, men likevel var det nesten 3000 tilskodarar som hadde samla seg. Det var ikkje alle som berre kom for å sjå på avrettinga; innimellom folkemengda gjekk det også nokon som falbaud eit skillingstrykk. Visa på trykket var slik:

Svartebækkens Dødssang

Kjære Medmennesker, tilgiv en Synder saa grov,
Som frå sin Ungdom ei brød sig om Lov,
Og er paa Syndens Vei bleven gammel og graa ,
Tilgiv, at herfra med Fred han kan gaa.

Som Ulv i Faareklæder eg har mig listet;
Det falske Guld mig altid har fristet.
Retfærdig, skyldig mig Straffen ramme nu skal,
Brødre, Advarsel tag af mit Fald.

Jeg her paa Jorden har vandret i mørke Nat,
Paa mig min Brøde sit Stempel har sat.
Tilgiv! O tilgiv! At engang Ro jeg maa faa,
Tiden er Afmaalt, snart maa jeg gaa.

Farvel, da du usle Liv, hvorfra jeg længes,
Forvist mig ei Himlens Porte stenges.
Farvel! Ja Farvel! Her man til Straffen mig henter,
Mig hisset Forladelse venter.

Visa gjev seg ut for å vera dikta av Svartebækken, men i verkelegheita er nok dette eit hastverksarbeid frå ein erfaren skillingsvisesmed. Visa følgjer heilt mønsteret for skafottviser. Det skulle vere anger og bøn om tilgjeving, dessutan skulle visa be tilskodarane om å ta lærdom av den rettferdige straffa han nå skal få. Og så skal visa ende med eit håp om å få tilgjeving slik at sjela kan komme til himmelen. I dette tilfellet har ikkje diktaren ein gong teke bryet med å legge inn detaljar frå Svartebækkens liv.

Cornelis Vreeswijk laga i si tid ei moderne skafottvise ”Mørdar Anders”. I denne visa er ikkje delikvinten full av anger, i staden er han fanivoldsk stolt over det han har gjort. Ei slik vise kunne aldri kome på trykk på Svartebækkens tid. Avretting var eit offisielt ritual og det var myndigheitene som hadde regien.

Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar