mandag 25. februar 2013

Skafottviser

Kopi fra et dansk skillingstrykk

I dag er det 137 år sidan siste norske avretting i fredstid. Kristoffer Svartebækken var dømt til døden for tjuveri og rovmord og vart halshoggen i Løten 25. februar 1876. Avrettinga skjedde tidleg på morgonen, men likevel var det nesten 3000 tilskodarar som hadde samla seg. Det var ikkje alle som berre kom for å sjå på avrettinga; innimellom folkemengda gjekk det også nokon som falbaud eit skillingstrykk. Visa på trykket var slik:

Svartebækkens Dødssang

Kjære Medmennesker, tilgiv en Synder saa grov,
Som frå sin Ungdom ei brød sig om Lov,
Og er paa Syndens Vei bleven gammel og graa ,
Tilgiv, at herfra med Fred han kan gaa.

Som Ulv i Faareklæder eg har mig listet;
Det falske Guld mig altid har fristet.
Retfærdig, skyldig mig Straffen ramme nu skal,
Brødre, Advarsel tag af mit Fald.

Jeg her paa Jorden har vandret i mørke Nat,
Paa mig min Brøde sit Stempel har sat.
Tilgiv! O tilgiv! At engang Ro jeg maa faa,
Tiden er Afmaalt, snart maa jeg gaa.

Farvel, da du usle Liv, hvorfra jeg længes,
Forvist mig ei Himlens Porte stenges.
Farvel! Ja Farvel! Her man til Straffen mig henter,
Mig hisset Forladelse venter.

Visa gjev seg ut for å vera dikta av Svartebækken, men i verkelegheita er nok dette eit hastverksarbeid frå ein erfaren skillingsvisesmed. Visa følgjer heilt mønsteret for skafottviser. Det skulle vere anger og bøn om tilgjeving, dessutan skulle visa be tilskodarane om å ta lærdom av den rettferdige straffa han nå skal få. Og så skal visa ende med eit håp om å få tilgjeving slik at sjela kan komme til himmelen. I dette tilfellet har ikkje diktaren ein gong teke bryet med å legge inn detaljar frå Svartebækkens liv.

Cornelis Vreeswijk laga i si tid ei moderne skafottvise ”Mørdar Anders”. I denne visa er ikkje delikvinten full av anger, i staden er han fanivoldsk stolt over det han har gjort. Ei slik vise kunne aldri kome på trykk på Svartebækkens tid. Avretting var eit offisielt ritual og det var myndigheitene som hadde regien.

Velle

torsdag 14. februar 2013

Prøysenprisen til Frank "Tønes" Tønnesen



I dag ble Prøysenprisen og Teskjekjerringprisen for 2012 delt ut til visesangeren Frank "Tønes" Tønnesen og forfatteren Endre Lund Eriksen.
I juryens begrunnelse for å gi Prøysenprisen til "Tønes" står det blant annet:
«Frank Tønnesen er en original visesanger som skriver om temaer og situasjoner som ikke vanligvis blir sunget om. Det er gjerne tekstene man fester seg med hos Frank, men musikk og tekst er her uatskillelige, og hans musikalske uttrykk tillegger tekstene et bredt spekter av stemning, humoristiske undertoner og ytterligere særtrekk.»

Vinneren av Teskjekjerringprisen, Endre Lund Eriksen, er barnebokforfatter og særlig kjent for bøkene om Pitbull-Terje, Alvin Pang og Monstrene i Dunderly.

Prøysenprisen og Teskjekjerringprisen ble første gang utdelt 1974, og fra 1996 er det NOPA og LIBRIS som står som utdeler av prisene.

Les mer på nettsidene til NRK.

Elin

onsdag 13. februar 2013

Tore Hansen er død



Det var en trist nyhet som nådde oss mandag. Tore Hansen var død, bare 63 år gammel
Han var født i Hammerfest 12. september 1949 og startet artistkarrieren i 1970 som vokalist og låtskriver i bandet Tass. Dette ble seinere til Unit Four og deretter  Unit Five. Med Unit Five hadde Tore Hansen mange store suksesser. Det store gjennombruddet kom med "Æ e nordlending æ" i 1978. Det var også tittelen på debutalbumet samme år.

Tore Hansen skrev ironiske og morsomme låter som  "Æ e nordlending æ", men like gjerne kjærlighetsviser som "Vit at jeg elsker deg". Tore Hansen sluttet i Unit Five for å skape seg en solokarriere og ga ut flere solo-album. Han var kjent som en hedersmann i bransjen, og vil bli savnet av mange.

Les mer i Nordlys.

Elin

torsdag 7. februar 2013

Ivar Mortensson-Egnund: Døla-Visa

I Språkåret 2013 kan det vere god grunn til å minnast Ivar Mortensson-Egnund (1857–1934) og «Døla-Visa», også kjend som «Flaumen går». Han skreiv denne visa i 1906 og tok den med i 1929-utgåva av diktsamlinga På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten (1890). Det er ei kvikk og optimistisk vårvise både på den eine og andre måten: i naturen, politisk og språkleg, noko som går fram av dei følgjande to strofene i den åtte strofer lange visa. Visa går på melodien til ein gammal bruremarsj:

Flaumen går,
i Norig er vår,
bjørka sprett i dalom.
Døla-kar
traust og hard
vil rydja fedra-gard.
Sjå kor det losnar i alle lidom,
skrida fer etter bergesidom.
Flaumen går,
i Norig er vår,
og dølann er det som rår.

Um seint me kjem,
so er det med klem.
Me vi garden rydje.
Bonde-mål,
kvasst som stål,
gjev inkje lenger tol.
Norskt mål vil me i Norig hava,
inkje lenger med dansken kava.
Bonde-mål,
kvasst som stål,
gjev inkje lenger tol.

Ivar Mortensson-Egnund kom frå bondemiljø i Alvdal. I vaksen alder var han redaktør i nynorskavisa Fedraheimen, han skreiv og gav ut bøker om mange emne, han var anarkist, gardbrukar, prest, eddadikt- og bibelomsetjar. Ikkje minst var han glødande oppteken av norsk folkekultur og tråla norske bygder på jakt etter Draumkvedet og andre folkeviser. Særleg reiste han mykje i Telemark. I 1879 var han huslærar i Lårdal, og da Oscar II kom på besøk med båt på Telemarksvatna, organiserte Mortensson eit bondebryllaup til ære for svenskekongen. Alle Draumkvede-forskarar kjenner Mortenssons teori om korleis «Draumkvedet» vart til. Det vart dikta av raulendingen og abbeden Runolv i Lyse kloster midt på 1100-talet, truleg i jula 1147, meinte Ivar Mortesson-Egnund.

Olav

tirsdag 5. februar 2013

"Visearkivaren" har rundet 100 000 sidevisninger!!!

11. februar 2010 åpnet Norsk visearkiv sin arkivblogg, ”Visearkivaren”. Vi tenkte å presentere stort og smått av det vi holdt på med, og var opptatt av. Og vi hadde et håp om at noen skulle ha interesse for det vi la ut. Interessen viste seg å være mye større enn det vi hadde forestilt oss, og i dag har vi altså rundet 100 000 sidevisninger. Alle på arkivet har vært med på bloggingen, men det er spesielt Elin Prøysen som har holdt det i gang når vi andre manglet ideer til innlegg eller hadde det for travelt med andre ting.