tirsdag 8. januar 2013

Visa om den store osten


I Andreas Austlids lesebok for folkeskulen står ein visestubb om ein stor ost. Dette er ein ost heilt utanom det vanlege, steinhard og ikkje minst enormt stor og innhaldsrik:

Me hogg uppaa osten med øks og med sverd,
daa velte det ut so faarleg ei ferd.
   Men ikkje var osten tom.

Fyrst kom der ut ein skreddar, so tunn at han slong,
so kom der ut ein smed med hamar og tong.

So kom det ut ei gjente og ein liten vakker gut,
so kom det ut ei kvige, ein sau-bukk og ein stut.

I leseboka heiter det at visestubben er frå Moltke Moes samlingar. Også Landstad gjengir dei same seks strofene i Norsk Folkedikting (1853), rett nok med eit anna omkvede. Både i lesebokforma og hos Landstad byrjar visa med ein presentasjon av osten, og deretter får vi vite kva osten inneheld:
No hava me ‘ki meire til mat uti ‘kons garð
hell den einaste osten, og den var sá harð
   Sá sitja dei pá golvi, sá dubba dei.

Sá kom der út ei gente og ein liten lekker gút,
sá kom der út ein bökor, ei kvíge og ein stút.

Landstad har plassert visestubben under «Bánetullar». Det verkar som ei rimeleg plassering, og det er ein god leseboktekst. Det er ein tekst som høver for mindre barn. Men visestubben har balladeform: ein toversing med etterstev. Emnet for visestubben: den usannsynleg store osten som rømer både menneske og dyr, fører tankane til skjemteballadar som «Kråkevisa» eller «Tosstein tala til staven sin». Skjemteballadane handlar gjerne om materielle, konkrete emne som mat, drikke og klede, og overdriving er eit sentralt grep. Handlinga i den vesle visa er likevel så tynn at det snautt blir nokon verkeleg ballade av det. Den same visestubben er funnen på svensk grunn, nærmare bestemt i George Stephens’ (1813–1895) manuskriptsamling i Växjö. Den svenske visa er litt lengre, på åtte strofer, men er elles nokså lik. Og omkvedet er det same:

Konungen skar den lilla Ost-knopp itu,
Och ut kom en märr med fölerna sju.
   De sutto på golfvet och doppade.

Före kom en qviga, och efter kom en stut,
Och så kom en piga med uppstoppad trut.

Kva vil det seie at dei sat på golvet og dubba/doppade? Sat dei og halvsov og smådrøymde kring den digre osten? Nei, det er meir rimeleg at dubba/doppade heng saman med det ein god ost kunne brukast til: setje spiss på – i flytande form – det ein elles åt av brød og basisføde, jf. den tradisjonelle norske middagsretten «flesk og dubbe». Når ein ost kunne bli «hovudperson» i ei vise, må det elles hengje saman med at osten var eit svært viktig produkt i det gamle bondesamfunnet. Om ein skar fint av osten er meir tvilsamt, og ostehøvel vart i alle fall ikkje brukt, for denne praktiske og økonomiske reiskapen er ikkje meir enn godt og vel 80 år gammal.

Olav
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar