mandag 21. januar 2013

Opphavet til ordet ”folkevise”

I vår tid er ”folkevise” eit kvardagsleg ord som blir brukt av dei fleste, men dette ordet vart ikkje til av seg sjølv fordi nokon hadde bruk for å sette namn på ei gruppe viser.

Ordet vart laga av diktaren og kulturfilosofen Johann Gottfried Herder og han fortalte sjølv korleis han fekk ideen til dette ordet. Herder var på ei dannelsesreise og ei natt i februar år 1777 satt han i lugaren på eit lite skip som hadde støtt på grunn på ein sandbanke utanfor Nederland. Mens han venta på morgonlyset og bergingsmannskapet skulle komme, sat han og las diktet Fingal frå Ossians songar.

Skotten James Macpherson hadde samla ein del gamle gæliske viser om gamle heltar og kongar som skulle ha levd for over 1000 år sidan. Av dette ”rekonstruerte” han eit gælisk nasjonalepos, Ossians songar. Tida, den gryande romantikken, var den rette for Ossian. Det lesande europeiske publikum var lei av rasjonalisme og snusfornuftige potetprestar, dei ville ha kjensler og patos. I Ossians songar sloss heltane mens skodda dreiv over myrane og kvinner med kvite armar gret. Dessverre viste det seg etter kvart at Macpherson hadde dikta mesteparten av eposet sjølv. Seinare lesarar har sett berre durande patos i formlause vers, og Ossian har støva ned i gamle bibliotekmagasin.

Det var mens Herder les dette, ordet ”folkevise” kom til han. Han tenkte seg at i folkedjupet måtte det finnast songar som gav uttrykk for folkesjelas særpreg, ei dikting som var skapt av nasjonen. I 1807 gav han ut Stimmen der Völker in Liedern og der samla han eddakvad, mellomalderballadar, skillingsviser, Shakespeares sonettar og mykje anna. I utgangspunktet var ikkje folkevisene korkje anonyme eller tradisjonelle. Etter at omgrepet ”folkevise” var lansert, dikta både Goethe og Bürger folkeviser. Seinare vart ordet ”folkevise” opphav til ei lang rekkje liknande ord: folkemusikk, folkemål, folkekultur, folkeminne…

Den første folkeviseboka som kom i Noreg, Samling af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter i 1840, var framleis prega av Herders tankar. Den tok også med songar av Edvard Storm og Hans Hanson.

Etter 1840 kom ordet til å bli brukt berre på anonyme songar i munnleg tradisjon, og i visebøker og på plater blir ordet ofte brukt på alle anonyme songar.

Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar