torsdag 17. januar 2013

Den uheldige Tonette

Vilhelm Krag i 1929
Visse yrkesgrupper kjem dårleg ut i litteraturen, både i vers og prosa. Blant dei er avgjort lekpredikanten. Tenk berre på Rasmus Lølands figur «Lamma-Lars» som opptrer i barneboka Kvitebjørnen! Denne vestnorske preikaren har fått namnet sitt fordi han brekar som ein sau når han driv på som verst med tvilsam forkynning.

Vilhelm Krags (1871¬–1933) ikkje-namngjevne lekpredikant i visa om den uheldige sørlandsjenta Tonette er heller ingen ein ynskjer å bli betre kjend med. Som lekpredikantar flest konsentrerer han seg særleg om to ting: pengar og kvinner, og lykkast med prosjektet sitt i den vesle sørlandsbyen, der Krag plasserer han. Ein kan spekulere på om lekpredikantane – som det ikkje lenger finst mange av – verkeleg var slik dei stort sett blir skildra? Eller har vi å gjere med ein litterær klisjé? Ikkje godt å vite. Men truleg er lekpredikanten til ein viss grad i slekt med sleipe prestar og ikkje minst munkar slik dei blir framstilte i mellomalder- og eventyrdikting med antiklerikal tendens.

Lekpredikanten i Krags vise gir seg sjølvsagt ikkje før han har gjort stakkars Tonette gravid, og rømer så «nordpaa en Plads». I følgje Krag er det nettopp det «slige fanter alletider gjør». Men kjernekaren «Nils paa Sørestranden» tar Tonette under sine vengjer, og dermed endar det godt trass alt.

Johan Havorsen har sett melodi til visa. Krag er ein av dei mest tonesette av alle norske forfattarar, og er ikkje minst kjend som sørlandsdiktar. Ikkje så merkeleg kanskje, for det var kristiansandaren Krag som fann på å bruke «Sørlandet» om landsdelen der han var fødd. Tidlegare måtte sørlendingane finne seg i å bli definerte som vestlendingar. Og her er dei to første strofene om den uheldige Tonette:

Ja, hun var naa slig en blaaøya uskjøldighed,
men hun hadde saamen frodighed og føldighed,
hun var bugnande og brei,
og rent sobannes saa grei,
og saa fristande som sukker og som smør.
Men si naa aassen sligt noe kan ha' sig
at Tonette kunde være saa rent fra sig,
og forglemme al sin dyd og al sin deilighed,
og nedsynke i slig skam og slig uleilighed?
Ja, jeg spør! Ja, jeg spør!

Tænk Tonette blev angreben udaf vækkelse,
men den vækkelsen den endte med forskrækkelse.
For her kom en prædikant,
aa, et ukjur og en fant,
han var skakhaua og henimod de før.
Han blev indlossert hos hinnerses fameli,
og traktert saa det var spillegalt og speli.
Han fik kaffekop paa senga, han fik sirupsfattigmand,
og tro nogenting i huset var for sirupsødt for han?
Ja, jeg spør! Ja, jeg spør!

Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar