tirsdag 13. november 2012

Liti Kjersti

«Liti Kjersti» er namnet på ei av dei mest utbreidde naturmytiske balladane. Det finst over hundre norske variantar av denne visa, som mange også kjenner som «Margjit Hjukse», med heimfesting til garden Hjukse i Telemark. Sidan 13. november er namnedag for Kjersti, Kristin og tilsvarande namneformer, kan det vere grunn til å trekkje visa fram her. Men først litt om sjølve namnet Kjersti.

I følgje namnestatistikken skal det vere 7589 kvinner som har Kjersti som einaste fornamn i Noreg i dag. Fleire ber namnet Kristin: 17131 kvinner. Begge namn var på topp tidleg i 1960-åra. Når det gjeld Kristin-namnet, kan oppsvinget nettopp da hengje saman med at Undsets Kristin Lavransdatter vart utgitt i Den norske bokklubben på denne tida. Begge namneformer er avleidde av Kristina = den kristne. Kristina av Bolsena i Italia var ei av fleire såkalla jomfrumartyrar i mellomalderkyrkja. Ho vart pint til døde på 300-talet og dyrka som heilagmenne i heile Europa, også her i landet. Den meste kjende namneberareren her til lands i mellomalderen var nok Kristina Håkonsdotter, dotter til kong Håkon Håkonsson, som vart gift med ein spansk prins.

Liti Kjersti/Margjit Hjukse er prototypen på den unge kvinna som det går gale med. Om Margjit heiter det at ho kjem på villstrå, ho «tok den vegen  til fjelli låg». Er det tilfeldig at ho vel denne farlege vegen? Eller har ho gått den tidlegare og veit kva ho gjer? Uansett dukkar bergekongen opp med «det lange, kvite skjegg» og framfor alt med gløymsledrikken med villarkonn i. Ho drikk av begeret han rekkjer henne, og dermed er det ingen veg attende til menneskeverda, og ho må bli verande i berget all sin dag:

«Fare no vel då alle i min heim,
no kjem eg aldri til dikkon meir.»

Stolt Margjit ho sette seg på gangaren grå,
ho gret fleire tårer enn hesten ha’ hår.

På 1800-talet da dei norske balladane vart oppskrivne, fanst det nok dei som trudde fullt og fast på bergekongen, huldra, troll og tussar. Men for dei fleste var dei underjordiske figurane på dette tidspunktet på full marsj inn i symbolikkens verd. Det er ikkje avgjerande. «Liti Kjersti» ligg vel til rette for å kunne lesast og syngjast på overført nivå, som ei forteljing om å velje feil, og dei tragiske følgjene av det.

Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar