torsdag 19. januar 2012

Ny bok om balladesongarar




Før jul var boka "Vil du meg lyde" Balladsångare i Telemark på 1800-talet
klar, men sjølve lanseringa skjedde no i januar i Bø. Boka er utgjeve som Norsk visearkivs publikasjon nr. 4 og som publikasjon frå Svenskt visarkiv.

Det var professor Bengt Jonsson som i si tid samla inn materiale om balladesongarar i Telemark, men han døydde før manuskriptet var klart til publisering. Professor Olav Solberg tok over arbeidet og har gjort ein stor innsats for å få boka ferdig. I tillegg til å redigere manuskriptet har han skrive ei grundig innleiing om mellomalderballadar.


Da folkeminnesamlarane kom til Telemark på 1800-talet, vart dei slegne av den rike vise- og songtradisjonen. Dei gamle mellomaldervisene – balladane – var framleis i hevd i telemarksbygdene, sjølv om tradisjonen var på hell. Men det var så som så med interessa for songarane. Så var dei da også fattige husmannsfolk, for det meste. Og samlarane hadde dårleg tid og brydde seg sjeldan om å spørje songarane ut om livet deira og om tradisjonen dei bar fram.

På denne bakgrunnen er "Vil du meg lyde" eit eineståande verk. Boka inneheld livsskildringar av om lag 450 balladesongarar frå Telemark på 1800-talet: storsongarar med eit omfattande og imponerande balladerepertoar, såvel som meir ordinære tradisjonsberarar. Dei levde i ei brytningstid der gammalt stod mot nytt; eksempelvis emigrerte Maren Olsdotter Ramskeid (f. 1817) til Amerika i 1852 – Maren var den som song den beste forma av Draumkvedet for Landstad.

Boka er eit grunnlagsarbeid for repertoarstudiar av den norske balladen og av tradisjonsutviklinga på 1800-talet. Den set songarane i sentrum og dokumenterer kva rolle slektstradisjon og geografiske tilhøve spela. Vidare er boka eit viktig bidrag til slekts- og lokalhistorie, og den er interessant og underhaldande! Boka er illustrert med eldre og nye foto.

Boka er utgitt på Novus forlag, desember 2011 og kan bestilles her.


Medforfattaren Olav Solberg fortel om boka på sleppet i Telemark i Januar.

Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar