torsdag 31. mars 2011

Religiøs song

Visearkivet får også ein del spørsmål om religiøse songar. Dersom det viser seg at songen ein eller fleire gongar har vore trykt i ei autorisert salmebok, er saka enkel. Da kan songen identifiserast utifrå Norsk salmeleksikon som Paul Emil Rynning gav ut i 1967. Andre nyttige oppslagsverk er Kristen sang og musikk som kom ut i 1962 og Lundes sang & salmeleksikon frå 1997. Eit anna, mindre kjent oppslagsverk er Møller-Nielsens Salmekonkordans til Landstads reviderte salmebok. Den er ei alfabetisk liste over alle førsteliner i kvart einaste vers i salmeboka.
Visearkivet har også ei stor samling songbøker frå dissentersamfunn, bedehus og bøker med ”åndelige sanger for hjemmet”, men dessverre har vi ikkje nådd å få alle desse songane inn i viseregisteret vårt ennå.

Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar