mandag 6. desember 2010

Julenissens dag

I dag 6. desember er det Nilsmesse, minnedagen for sankt Nikolaus av Myra, og i Nederland får barn framleis gåver på denne dagen. På 1840-talet vart denne helgenen utvikla til den amerikanske Santa Claus. To forfattarar, Washington Irving og Clement Moore flytta både den gamle helgenen og gåveskikken over til jula som ein del av eit prosjekt for å skape ei amerikansk julefeiring.

Den gamle norske gardsnissen vart etter kvart påverka både av den tyske Weinachtsmann og den amerikanske Coca-Cola nissen, men likevel har han halde på mange av sine gamle kjenneteikn.

Har du lyst til å feire Santa Claus på den gamle dagen hans, kan du jo syngje "Rudolf er rød på nesen…"

Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar