torsdag 3. juni 2010

Omsetting av voggeviser til andre språk

Under litteraturfestivalen på Lillehammer den siste veka i mai, heldt NORLA sitt årlege omsetjarkurs. I år var det omsetjing av voggeviser som var emnet. Eg snakka litt om det å få små barn til å sove ved roleg rytmisk song og Unni Løvlid fortalte og song.

Vi fann snart ut at dei tradisjonelle voggevisene ikkje kunne omsetjast ord for ord. Det er svært sjeldan at voggeviser har ein raud trå. Teksten er oftare eit konglomerat av stemningsberande verseliner, og omsetjaren burde kanskje heller lage setningar som ber same stemning i staden for ei ordrett omsetjing. Ord med hysjande lyder fungerer betre enn skarpe konsonantar. I tillegg måtte teksten passast til slik at den kunne syngjast på melodien. Målsettinga med ein voggesong er at barnet skal sove, og derfor bør ikkje teksten vere interessevekkjande.

Eit spesielt problem er dei meiningslause bysseorda: byss byss båne! Lu lu eller Till till Tare. Det siste var enkelt for omsetjaren til hindi. Der betyr ”Tare” stjerne, så ordet kunne berre stå.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar