onsdag 16. juni 2010

Gutar på sommarleir

Norsk visearkiv har ei eigen hylle for songbøker gitt ut av lag og foreiningar. Der står det bøker frå alle slags interesseorganisasjonar, selskap, klubber og laug, det kan vere ingeniørar, husmødrer, avhaldsfolk, miljøvernarar… Alle prøver å skape samhald og gruppeidentitet gjennom allsong. Slike bøker inneheld oftast eit repertoar av dei mest kjente allsongane og i tillegg nokre heimelaga songar som markerar den spesielle målsettinga.

For nokre dagar sidan fekk vi eit lite stensilert hefte som kalla seg Fossgård-Sangboken. Heftet var laga for gutar på sommarleir og det var datert 1929 og inneheld 24 songar. Ein del av innhaldet er barnesongar som framleis er gangbare: Ro, ro, ro din båt, Per spelmann og Nisser og dverger, men storparten er nok ukjent for barn i dag. Det er frisksportsongar for kjekke gutar og tursongar i marsjtakt.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar