torsdag 20. mai 2010

Varierande tekster til ”Titanics forlis”


Folkeviser som har levd i munnleg tradisjon vil som regel variere, men andre songtekstar kan også variere. Skillingsvisene vart jo spreidd som små trykk, men når dei vart sunge kunne dei lett forandre seg. Skillingsvisene måtte produserast raskt og resultatet er ikkje alltid god lyrikk.

I skillingstrykket ser strofe 7 i visa om ”Titanics forlis” slik ut:

”Men frels først Barn og Kvinder, thi saa er Lov paa sjø.
I Mænd jer deri finder, som Britter modig dø!”
Dog flere frem sig trængte og vilde være med.
Kapteinen Veien stængte, skjød dem i Døden ned.


Første halvparten av strofa er uttalt av kapteinen, men utforminga er klosset og skal den bli forstått, må den lesast, gjerne fleire gongar. Meininga i andre verselinje må være at ”dere menn skal finne dere i å dø modige som briter” Men høyrer du dette sunge, er det uforståelig, og det er umogleg å hugse. I handskrivne visebøker ser vi også at songarane har streva med å få meining i det. Ei handskrive bok har: ”De menn jeg deri finder som bryter den – de dø!” men dei fleste skriv: ” Da mange av dem finner det bittert er at dø”. Litterært godt er ikkje dette, men det gjev meining og det er lettare å hugse. Elles finn vi også eksempel på rytmisk utfylling utan klar meining: ”I mand, i dere finder en bitter modig død” eller ”I menn jeg dere finner, som bryter modig dåd”.

Når ei linje i ein song blir gløymt, kan ein ikkje berre hoppe over. Noko må fyllast inn og da kan til og med noko meiningslaust bli brukt.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar