mandag 26. april 2010

Kva er ei vise?

Nå og da får vi spørsmål om kva ei vise er. Som medarbeidarar i eit visearkiv burde vi kunna svart kort og greitt på det, men det er ikkje så lett. Bengt Jonsson, tidlegare leiaren på Svenskt visarkiv, sa det omtrent slik: En strofisk dikt med strofisk melodi, såväl litterärt som musikalisk oftast präglad av en viss enkelhet i stilen. Dette er ei skildring, men ingen definisjon som ein kan sortere materialet etter.

Visebegrepet har også forandra seg gjennom tida. Ein prest i Seljord på 1700-talet skreiv at Åsgårdsreia besto av usæle sjeler som ikke hadde gjort så mye godt at de kunne komme til himmelen og ikkje så mye vondt at de kunne tildømmes helvete, nemlig drukkenbolter, slagsbrødre og visekvedere. Om lag hundre år seinare skreiv Ivar Aasen: Eg vil so gjerne syngja, men veit meg ingjen song; kvar stubben som eg veit, hev eg sungje. På fusk og fillevisor var sakte ingjen trong; av slike ting da har me ein dungje.

Først etter krigen kunne ”vise” bli eit honnørord, takk vere Visens Venner som vart stifta i september 1944. Dei sette seg fore å oppvurdere visa og dei klarte det. Omgrep som ”den gode vise” og ”den litterære vise” skriv seg frå Visens Venner.

Kanskje det er lettare å definere visesong enn sjølve visa. Visesong er i alle fall ein song som ligg nær talestemma, med klår diksjon slik at teksten kjem mest mogleg fram. Hovudtyngda fell på teksten. Vi kan snakke om ei vise som ikkje har fått melodi ennå, men dersom den ikkje har fått tekst, er det ikkje noko vise.

Likevel er det kombinasjonen av tekst og melodi som utgjer visa. Ein god melodi kan heve ei middelmådig tekst til ei god vise og ein sjeldan gong kan faktisk også kombinasjonen av ein banal tekst og ein upretensiøs melodi bli ei god vise.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar