fredag 16. april 2010

The hills are alive!

Når ein arbeider ved eit visearkiv hender det at det kjem inn forespørsel om ei vise som ein berre kan ein del av. Det hender også at denne då blir sungen eller nynna for resten av kollegialet for å få hjelp til spørsmålet. Og av og til skjer det som ikkje skal skje - visa vert verande der! I timesvis, gjerne dagevis går ein rundt; Lyckliga gatan du finns inte mer, na na na na na na na na kvarter... Berre desse linjene med ufullstendig tekst, omatt og omatt og ommattatt og ommattat til både ein sjølv og omgivnaden nesten går av skaftet på grunn av overdose av ei vise som i utgangspunktet har ein enkel, fin og lettfatteleg melodi. For det er alltid fengande melodiar som set seg fast; Nå eeeeeeeeer det tango for to, det er ingen som kan tango som han Gunnar på Mo, pabarampampam!

Men eg har knekt koden!

Heime i ein ferie fekk mannen min klassikaren frå Sound of music - Theeeee hills are alive - to the sound of muuusic (for sikkerheits skuld med ein smektande glissando i starten) på hjernen. Denne strofa gjekk uavbrutt i fleire dagar, og då han etterkvart hadde klart å smitte meg også, og eg sjølv byrja å livsbejae dei østerrikske fjella forstod eg at noko måtte gjerast. Allerede i glissandoen kjende eg at dette var feil, men hadde ingen muligheit for å stoppe utbruddet. Det er så vidt eg veit kul umulig å stoppe midt inne i ein sang-på-hjernen. Er ein fyrst byrja så må ein på eit eller anna vis fullføre. Men dette med fullføringa vart også nøkkelen for å stoppe den heller uvelkomne sounden of muuusic. Nå eg vart oppmerksam på kva eg heldt på med satte eg inn ei strofe frå ein annan song som gjorde at eg fekk ei heilt anna avslutning. Theeeee hills -ser på deg og du ser på meg! Dermed braut eg med heile mønsteret i sangen og etter ei kort stund vart songen faktisk borte! Så enkelt var det altså, og seinare har eg nytta denne metodikken fleire gonger med stort hell; Det var på Capri - henger ned, kan du ta dem og vifte med! Spelar inga rolle om det passar eller ikkje med teksten, berre det gjer at strofa blir anleis; Damdari dari dari dari Maccarena, heeeey - Jude, don’t be afraid. (Funkar på utenlandsk og...)

Så no arbeider eg ufortrødent vidare to the sound of silence, uansett kva som måtte komme opp av melodiar og strofer. Prøv det sjølv då vel! Og gi oss gjerne eksempel på verk som kan kombinerast til hjelp for andre i sang-på-hjernen-nød.

We will, we will rock you! Bæm! Rock you! Bæm!

Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar