tirsdag 6. april 2010

Allsang i bussen


Dette er eit sanghefte som er utgitt av Metro reisebyrå i Oslo. Reisebyrået arrangerte gruppereiser både med tog og buss, og sangheftet vart delt ut til dei reisande.

Heftet er utan årstal, men det er sannsynlegvis laga på 50-talet da gruppereisene begynte. Heftet inneheld songar som: "Norge i rødt hvitt og blått", "Eg veit ei lita jente", "Syng kun i din ungdoms vår" og eit potpurri med eit utval av det norske kjernerepertoaret. I tillegg var det nokre få engelske , tyske, franske og ein italiensk ("O, sole mio") med.

Eg ser for meg ein buss full med syngande norske turistar på veg sørover i Europa.

Kan dette vere ein ide for SAS og Norwegian?
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar