torsdag 11. mars 2010

Han vet hvor du bor...

I dag har eg vore på handel. Det er ikkje kvar dag me kjem over bunkar med materiale som me ikkje har frå før på visearkivet, men på ein bruktbutikk på Grünerløkka openbara det seg ei heil hylle med religiøse sangar i småtrykk. Sidan samlinga av denne typen sangar godt kan vere større på visearkivet, slo eg til å kjøpte alt innhaldet i hylla. Etter ein prisdiskusjon med betjeninga (eg tilbaud meg å betale 700,- for alt, og eg trur han tykte at det var skrekkelig dyrt), fylte eg to bæreposar med småtrykk og bøker. Vel heime att har eg gått gjennom stoffet og fant ut at det i småtrykka var 382 songar, seks stensilar og tre handskrevne songar. Den eine sogar med ein påbegynt melodi. Det vitnar om at det er komponisten sjølv som har vore frampå med pennen. Dessverre kunne eg ikkje klare å finne noko navn, så vedkommande vil nok ikkje bli kreditert for sangen i katalogen vår. Men kven veit? Kanskje nokon av dykk kjenner første linja: Jeg kan hilse deg fra Jesus. Han vil rense deg fra bånd som binder deg.

Eg fant også to melodibøker, den eine eit koralhefte med ca 150 melodiar og den andre var melodiboka til Barnesangboka. Barnesangboka har me frå før men det er også kjekt å ha melodiane.

I tillegg var der diktsamlingar av Arne Paasche Aasen og Nils Ferlin. Begge desse er jo tonesett av fleire visesongarar. Også fine tilskudd til arkivet i tillegg til fire utgåver av tidskriftet Dans ropte Fela! som er samlingar av norske folkadansar.

Alt i alt har me då forhåpentlegvisvis (eg tek atterhald for dublettar) auka samlinga til visearkivet med over 500 tekstar og 400 melodiar ein enkelt ettermiddag på Løkka. Og sidan mesteparten er av religiøs karakter så er det vel ikkje så farleg om han veit kvar eg bur...

Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar