onsdag 17. februar 2010

Ny salmebok utsettes

I 2008 kom det eit forslag til ny norsk salmebok, som vakte oppsikt. I forslaget var det med ein god del songar som braut mot den oppfatninga mange har av ei salme. Spesielt vart det bemerka at det var komme med ei tekst av Arnulf Øverland, forfattaren som vart tiltalt for blasfemi etter å ha halde foredraget «Kristendommen, den tiende landeplage». Til gjengjeld var det berre med ei Kingo-salme og ei av Brorson, ingen av dei to var blandt dei kjente og folkekjære.

Da høringsuttalingane kom inn var dei såpass negative at Kyrkjemøtet i 2009 utsette saka. Ny salmebok er heller ikkje aktuelt i 2011.
Velle
 
Les fra Kirkerådets uttalelser 17. nov. 2009 her og her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar